Om oss

Sande Rekneskap AS er eit autorisert rekneskapskontor som er medlem av Regnskap Norge. Vi har 5 tilsette, derav 2 autoriserte rekneskapsførarar, og dekkjer hovudsakleg Sunnmøre og Nordfjord.

Sande Rekneskap AS vart etablert som enkeltmannsføretak i 1976, og i starten heldt ein til i eit bustadhus tilknytta gamle Hammer Mek. Verksted. Seinare flytta kontoret til Sparebanken Møre. I 1985 vart selskapet omdanna til aksjeselskap – og vi flytta inn i forretningsbygget på Larsnes i 1986. 

I 1994 vart avdelinga i Combisenteret på Fiskå etablert.

I 2005 åpna vi også ei avdeling i Ulsteinvik. Vi leiger i dag kontorlokale i Møbelringen sine lokaler. 

I 2018 kjøpte vi oss inn med 60 % eigarandel i Ebit Regnskap AS i Fosnavåg
. Dermed har vi oppretta kontakt også mot Herøy, der vi har eit godt samarbeid med Ebit – med sine 3 tilsette.

Sande Rekneskap har i dag ansvaret for rekneskap til nærmare 100 bedrifter i mange forskjellige bransjer. 


Her er nokre bransjer som brukar oss: 
Fiskebåt – Butikkar – Transport – Fiskeoppdrett – Industri – Tannlege – Optikar – Frisør –  Bilverkstad – Maskinentreprenør – Rørleggar – Tømrar – Avis – Brønnbåtrederi – Impressario  – Stillasutleige


Rekneskapsbyrå på Sunnmøre?

Er du i den situasjonen at du med bedrifta di søkjer ein rekneskapsførar eller eit rekneskapsbyrå til å føre regnskapet ditt? Kanskje du til og med treng bistand med firmaetablering eller annan rekneskapsbistand? Som eit lokalt rekneskapsbyrå og ein solid aktør innan rekneskap kan Sande Rekneskap AS være til hjelp for di bedrift. 

Rekneskapsbyrået Sande Rekneskap AS har i dag ansvaret for rekneskapet til nærmare 100 bedrifter spredt hovedsakelig på Sunnmøre og Ålesund omegn – men også nokre på landsbasis.

Som eit lokalt rekneskapsbyrå på Sunnmøre, er vi så heldige at vi får sjanse til å bidra med rekneskapsbistand for mange ulike bransjer. Industrien på Sunnmøre og i Ålesunds-området er stor og variert – dette har gjort at vi kan tilby eit breidt kompetansefelt innan rekneskap og økonomistyring/rådgiving.